Tuesday, January 16, 2018

- Syng lovsong, heile jorda!

Godt nyttår! Vinteren har vore her sidan sist eg skreiv. Forrige veke hadde vi til og med nokre minusgrader, så snøen vart liggande eit par dagar. Og det måtte eg sjølvsagt nytte. Det er første gong eg har gått på ski to dagar på rad her i byen!
Det måtte sjølvsagt dokumenterast. 

Dette er frå parken rett framfor leiligheita mi. Bilen min står i bakgrunnen.

Men søndag ettermiddag såg det slik ut i parken der eg hadde hatt nokre rundar på ski dagen før. Her skiftar det fort, - akkurat som på Sunnmøre.

På grunn av snø og kulde, vart bønnemøtet torsdag avlyst fordi eldre folk er redde for å gå ut, og fredag føremiddag utsette eg bibelklassa ei veke fordi fleire av damene er redde for å køyre når det er glatt. Likevel har eg hatt nok å gjere. Innimellom dei små skiturane hadde eg Bible Club på fredag og førebudde den internasjonale gudstenesta vi hadde søndag kveld.

Sist fredag hadde studentane undervisningsfri fordi universitetet var lokale for opptaksprøver. Dermed kunne vi starte tidleg, så vi var ferdige til kl 21. Vi var heller ikkje så mange, så eg trur ikkje vi forstyrra naboane noko særleg.

Tema for den internasjonale gudstenesta var "Syng ein ny song", med utgangspunkt i Salme 98:

  Syng ein ny song for Herren,
          for han har gjort under!
          Hans høgre hand og heilage arm
          har gjeve han siger.
            
   Herren har gjort si frelse kjend,
          openberra si rettferd for auga på folka.

 Ein engelsklærar frå USA køyrde fleire timar for å vere ilag med oss.


 Ei jente frå Sør-Afrika er i Matsue som engelsklærar, og deltek med tekstlesing.

Denne gongen hadde eg spurt pastor Kajinishi i Matsue kyrkje om å tale. Dei som ikkje forstår japansk, fekk utdelt engelsk omsetjing.

 

Lovsongen var på mange språk. Ei av masterstudentane kjem frå Eritrea, og ho lærte oss ein song på sitt språk tigrina, som du kan høyre her:
Song på tigrina

Vi øvde også inn "Laudate omnes gentes" på fire språk, som du kan høyre her:
Syng lovsang hele jorden

Her er ei av lovsongsleiarane.
 



Etter gudstenesta var det tid for prat over ein kopp te:

 
Kristne utanlandsstudentar og engelsklærarar har funne sin plass her og tek del i gudstenesta på ulike måtar. Nokre kristne japanske ungdommar er her, også. Av desse fire var to tekstlesarar, ein var kollektør, og den fjerde leia gudstenesta.
 
 Fleire japanske studentar vart også med. To av desse har endå ikkje sagt ja til Jesus, men dei er interesserte. Ein av dei vart så nysgjerrig på Jesusfilmen som vi såg ein del av på Bible Club at han ville finne heile filmen og sjå han.

Syng lovsong, heile jorda! Måtte endå fleire få del i den nye songen!
 

Heilt til slutt; eg har ikkje fått meg katt, men eg var på fotoutstilling med kattar frå mange land, og denne fekk eg bli fotografert ilag med.



No comments:

Post a Comment